På fjordtur med «Johan A. Wiik» Dugnadsgjengen på restaureringsprosjektet «Søblomsten» avslutta vårsesongen med eit fantastisk fjordcruise på Tresfjorden i slutten av juni 2023. Skipper Dagfinn Wiik tok oss med innover fjorden i varmt, nydeleg sommervêr i slutten av juni. Dagfinn er ein ypperleg formidlar som har inngåande kjennskap til båtbyggarhistoria langs strendene i Tresfjorden. Båten la til ved det nedlagte, tidlegare driftige Kjøpstadverftet, der vi fekk servert ei gourmet-fiskesuppe av aller beste slag. Til dessert vanka det «Tilslørte bondepiker» og som også var ein fryd for ganane til dugnadsgjengen. Ein av Kjøpstad- etterkommarane viste oss rundt på verftet, der det framleis var nye færingar og eldre båtar som er under restaurering av privatpersonar. Turen med skøyta frå 1950 var ei fin, interessant og lærerik oppleving som absolutt er å anbefale.